Caroline Lucretia Herschel () var ein tysk-britisk astronom og syster til astronomen sir William Herschel, som ho arbeidde i lag med gjennom heile karrieren sin. Dei viktigaste bidraga hennar til astronomien var oppdaginga av fleire kometar og særleg den periodiske kometen 35P/Herschel-Rigollet, som ber namnet hennar.Nysewander, Melissa. Caroline Herschel. Biographies of Women Mathematicians, Atlanta: Agnes Scott College, 1998. Ho oppdaga òg fleire tåker. mini|venstre|upright|Caroline Herschel, 92 år gammal
Ho var den første kvinna som fekk betalt for bidraga sine til vitskapen, og fekk Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1828), og vart utnemnd til æresmedlem i Royal Astronomical Society (1835, med Mary Somerville). Ho var òg æresmedlem i Royal Irish Academy (1838). Kongen av Preussen gav ho ein vitskapsmedalje i gull i høvet 96-årsdagen hennar i 1846.
Asteroiden 281 Lucretia (oppdaga 1888) vart kalla opp etter det andre førenamnet til Herschel. Krateret C. Herschel på månen er òg kalla opp etter ho.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Caroline Herschel» frå , den 25. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Caroline Lucretia Herschel-biografi på fembio.org Om Herschel Museum of Astronomy
Kategori:Folk frå Hannover Kategori:Tyske astronomar Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Kvinnelege astronomar Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Kometoppdagarar