Sergej Vladimirovitsj Tsjepikov () var ein russisk skiskyttar frå Khor i Khabarovsk kraj med ein uvanleg langvarig og innhaldsrik karriere. Han var dobbelt olympisk meister i skiskyting.
Sergej Tsjepikov høyrde til den absolutte verdseliten i skiskyting heilt frå 1988, då han 21 år gamal tok gull på stafetten og bronsemedalje på 10 km under OL i Calgary. Han vann verdscupen i skiskyting samanlagt sesongane 1989/90 og 1990/91. I 1994 vart han olympisk meister på sprinten i Lillehammer-OL. Deretter prøvde han seg ei stund som langrennsløpar, og deltok i OL i Nagano i 1998 på det russiske langrennslaget. Etter dette OL gav han seg som toppidrettsutøvar.
Etter tre år ute av rampelyset gjorde Tsjepikov comeback og deltok igjen i verdscupen i skiskyting i 2001/02-sesongen, då han kom på 23. plass samanlagt. Under VM 2005 i Hochfilzen, tok han sølvmedalje på jaktstarten og på stafetten, i ein alder av 38 år. 2004/05-sesongen vart den beste sesongen hans etter comebacket, med ein fjerdeplass samanlagt i verdscupen.
Tsjepikov var med i den russisk troppen til OL i Torino i 2006, som vart hans sjette OL, det femte som skiskyttar. Han var der med å ta sølv på stafetten. Han budde i Jekaterinburg.
Kortfatta merittliste (pr. 28. februar 2006) Verdscupen samanlagt: To førsteplasser (1989/90 og 1990/91) Olympiske leikar: 2 gull (1 individuelt, sprinten i 1994), 3 sølv Verdscuprenn: 5 gull, 8 sølv, 5 bronse
Merknadar
Bakgrunnsstoff Fanside for Sergej Tsjepikov på russisk
Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1989 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1990 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006