Yakum (hebraisk skrift יָקוּם, tyder «Han skal stå opp») er ein kibbutz sentralt i Israel, sør for Netanya. Han høyrer til Hof HaSharon regionale kommune og hadde eit folketal på 555 i 2006.
Geografi Yakum ligg sentralt på kyststripa til Israel, kring 30 km frå Tel Aviv, og berre 5 km frå dei sørlege forstadane til Netanya.
Historie I 1934 vart ei gruppe unge tyske immigrantar samla i kibbutzen Ein Harod for å danna kjernen i ein ny kibbutz. I 1938 vart Yakum grunnlagd som kibbutz Eretz-Israel Dalet i byen Hadera.Some Historie Yakum Kibbutzen fekk ikkje tildelt land før i 1947, då eit område nær Wadi Falik vart utpeikt for kibbutzen. I ventetida kom fleire medlemmar til gruppa frå Tyskland, Ungarn og Polen, og dei vart sende til å arbeide i allereie etablerte busetjingar i Galilea, som Yavne'el.
I 1947 flytta kibbutzen endeleg til den noverande plasseringa og fekk namnet Yakum. Medlemmane var ikkje nøgde med namnet dei hadde fått, og søkte til komiteen om å byte, men vart avslått.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yakum» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Tysk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Privatiserte kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel