Kiryat Gat (hebraisk skrift קִרְיַת גַּת) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg 56 km sør for Tel Aviv, 43 km nord for Beersheba og 68 km frå Jerusalem. Mot slutten av 2012 hadde byen 48 275 innbyggjarar.

Etymologi mini|venstre|Busetnaden Gat, aust for Gaza-vegen, grunnlagd i 1941. Foto frå 1946

Kiryat Gat er kalla opp etter Gath, ein av dei fem store byane til filistrane. På hebraisk tyder gat «vinpresse». I 1950-åra fann arkeologar ruinane på ei høgd i nærleiken, som vart feilaktig rekna som den filistinske byen Gath. I seinare år har kome med fleire forslag til kvar plasseringa av den gamle byen var. Somme trur han kan ha lege 13 km nordaust ved Tel es-Safi, men det mest aksepterte synet i dag er at den bibelske Gath låg der Ramla no ligg, basert på jødiske segner frå mellomalderen skrive ned av Ishtori Haparchi.Ishtori Haparchi, Kaphtor u'ferach, vol. II, chapter 11, s.v. ויבנה בארץ פלשתים, (3rd edition) Jerusalem 2007, s. 78 (hebraisk); Carta's Official Guide to Israel, Jerusalem 1983, s.v. Ramla; Encyclopaedia of Eretz Yisrael, s.v. גת (hebraisk); Michael Avi-Yonah, The Madaba mosaikk Map, Jerusalem 1954, s. 63 Gath var heimbyen til den bibelske kjempa Goliat.

Historie Kiryat Gat vart grunnlagd i 1955 som ein utviklingsby av 18 familiar frå Marokko. Han ligg på landområde som tidlegare høyrte til landsbyen Iraq al-Manshiyya, som vart avfolka i 1948.Khalidi (1992), s. 108 Folketalet steig frå 4 400 innbyggjarar i 1958 til 17 000 i 1969, hovudsakleg jødiske immigrantar frå Nord-Afrika. Økonomien var først basert på handsaming av jordbruksprodukt frå Lachish-området, som bomull og ull. I desember 1972 fekk Kiryat Gat bystatus.

I 1990-åra kom det ein masseimmigrasjon av sovjetiske jødar til Israel, og folketalet i byen auka til 42 500 i 1995. Utviklinga av Rabin industriområde aust i byen og opninga av hovudveg 6, har gjort godt for økonomien i byen.

Venskapsbyar Kiryat Gat er venskapsby med: Buffalo i USA Kruševac i Serbia (1990) Chicago i USA (2002)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kiryat Gat» frå , den 6. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Israel Kategori:Byar i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:1955 i Israel