Be'er Tuvia regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית באר טוביה, Mo'atza Azorit Be'er Tovia) er ein regional kommune sør på kystsletta i Israel.

Han grensar til Yoav og Nahal Sorek regionale kommune i aust, Hof Ashkelon regional kommune, Middelhavet, byen Ashdod og Gan Yavne lokale kommune i vest; Gederot, Hevel Yavne regionale kommune og Gedera, Bnei Aish lokale kommune i nord og Shafir regional kommune i sør. Byen Kiryat Malakhi ligg som ein enklave i midten av kommunen.

Be'er Tuvia vart ein regional kommune i 1950. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå har den regionale kommunen eit folketal på 18 600.

Busetnader Det er 23 busetnader i kommunen, inkludert nitten moshavar, ein kibbutz, ein fellesbusetnad, ein ungdomslandsby og eit tenestesenter. Ahva Arugot Avigdor Azrikam Be'er Tuvia Beit Ezra Bitzaron Ezer Emunim Giv'ati Hatzav Hatzor Kannot Kfar Ahim Kfar Warburg Neve Mivtah (1950) Nir Banim Orot Sde Uziyahu Shtulim Talmei Yehiel Timorim Yenon

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Regionale kommunar i Israel