Ta'ashur (hebraisk skrift תְּאַשּׁוּר, tyder 'buksbom') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune . I 2006 hadde han 329 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1953 av marokkanske immigrantar. Namnet er henta frå Jesaja 41:19: Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;Jesaja 41 bibelen.no To andre nærliggande moshavar, Brosh (sypress) og Tidhar (gran) har namn frå dette verset og dei tre i lag vert kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ta'ashur» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel