Nirim (hebraisk skrift נִירִים, tyder Enger) er ein kibbutz nordvest i Negev i Israel. Han ligg nær grensa til Gazastripa, kring 7 kilometer aust for Khan Yunis og høyrer til Eshkol regionale kommune. Kibbutzen har eit areal på 22 kvadratkilometer og eit folketal på kring 620.

Historie Kibbutzen vart grunnlagd i juni 1946 som ein del av Dei 11 punkta i Negev-planen, der ein ville busetje jødar i Negev, slik at ein seinare kunne legge krav på området som ein del av ein framtidig jødisk stat. Han vart kalla opp etter Nir-brigaden til Hashomer Hatzair ungdomsrørsle, og det var medlemmar frå denne rørsla som var med på å grunnleggje kibbutzen, opphavleg på ein stad kalla «Dangour», der kibbutzen Sufa i dag ligg. Ein av grunnleggjarane var Dan Zur, som vart ein av dei leiande landskapsarkitektane i Israel.Landscape architect Dan Zur dead at 86, Haaretz

Då den arabisk-israelske krigen i 1948 braut ut den 15. mai 1948, var kibbutzen den første jødiske busetnaden i Israel som vart angripen av den egyptiske hæren, i slaget ved Nirim. 39 personar forsvarte kibbutzen. Under slaget kom egyptarane 25 meter frå kibbutzen og åtte av forsvararane av kibbutzen vart drepen, før egyptarane trekte seg attende. Alle husa vart øydelagde i åtaket.

Nirim vart verande ein utpost for Det israelske forsvaret (IDF) mot den egyptiske hæren gjennom krigen. Etter krigen ønskte IDF å ta over staden, på grunn av den strategiske plasseringa, medan innbyggjarane ønskte å flytte nordover, til området som får minst 200 millimeter nedbør i året, så kibbutzen vart flytta kring 15 km nordaust til den noverande plasseringa, like ved den eldgamle syngaoga i Horvot Maon.

Under Mapam-skilje i 1952, vart dei som støtta Moshe Sneh bannlyste frå kibbutzen. Fram til 1956 var han mål for Fedayeen-åtak frå Gazastripa.

Sidan 2000 har Nirim blitt råka av Qassam-rakettar avfyrte frå Gazastripa. Etter Israel sette i gang Operasjon Cast Lead, i januar 2009, vart dei fleste innbyggjarane i Nirim, og andre landsbyar nær Gazastripa, evakurerte. Dusinvis av familiar frå Nirim var i kibbutzen Mishmar HaEmek i Jezreeldalen i ein månad, fram til slutten av operasjonen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nirim» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1946 i Palestina