Talmei Yosef (hebraisk skrift תַּלְמֵי יוֹסֵף, tyder 'Yosef-furene') er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området nordvest i Negevørkenen nær Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 178 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1982 av tidlegare innbyggjarar frå Talmei Yosef, ei israelsk busetjing på Sinai. Dei opphavlege innbyggjarane vart evakuerte som følgje av Camp David-avtalane, og flytta til ein annan stad i Israel. Dei kalla opp den nye busetnaden sin etter den førre (som var kalla opp etter Yosef Weitz, ein tidlegare direktør i Land- og skogsdepartementet i Jewish National Fund).

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Talmei Yosef» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:1982 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel