Karmia (hebraisk skrift כַּרְמִיָּה) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Ashkelon og Gazastripa og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 464 innbyggjarar.
Kibbutzen vart grunnlagd den 20. mai 1950 av ein Nahal-gar'in av Hashomer Hatzair-medlemmar frå Frankrike og Tunisia som hadde fått opplæring i Beit Zera. Han vart grunnlagd kring ein skule som vart bygd der av britiske styresmakter for den arabiske landsbyen Hiribya, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948. Namnet kjem frå det hebraiske ordet for vinranke (hebraisk skrift כרם, Kerem), som er vanlege i området.
I 1972 vart det starta opp ein teppefabrikk i kibbutzen.
Kibbutzen tok i mot 54 familiar frå Elei Sinai og Nisanit, som vart evakuerte som ein del av den israelske utrekkinga frå området.Evacuees: First we were expelled, now we're abandoned The Jerusalem Post, 8. februar 2006 Sidan 2006 har han ofte blitt råka av Qassam-rakettar avfyrte frå Gazastripa, inkludert ein som landa på ein fotballbane og ein annan som landa i eit hus der tre personar vart alvorleg skadde i 2005.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karmia» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel