Mavki'im (hebraisk skrift מַבְקִיעִים, tyder Gjennombrot) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 320 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 som ein kibbutz av demobiliserte IDF-soldatar som hadde immigrert frå Ungarn, og vart bygd på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Barbara. I 1954 vart han omgjort til ein moshav shitufi. Namnet syner til gjennombrotet til IDF mot den egyptiske hæren i området under den arabisk-israelske krigen i 1948.

I 2005 tok moshaven i mot 25 familiar som vart evakuerte frå Pe'at Sadeh under den israelske tilbaketrekkinga frå Gazastripa.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Mavki'im» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel