Ekaterini Thanou () er ein gresk tidlegare sprintar som vart europameister på 100 meter i 2002, og vann OL-sølv i 2000 og VM-sølv i 2001 på same distansen. I alt stod ho att med fem medaljar frå dei store internasjonale meisterskapane då karrieren tok ein brå slutt. Kring opninga av Sommar-OL 2004 i Aten vekte det mykje merksemd at ho og landsmannen Konstantinos Kenteris prøvde å lure seg unna ein dopingtest, begge vart deretter utestengde frå leikane.

Aktiv Både i VM 1995 og 1997 var Thanou svært nær ved å kvalifisere seg til finalen på 100 meter. Ho fekk sitt gjennombrot i 1998-sesongen med bronsemedalje på spesialdistansen i EM, på ny gresk rekord på 10,87 sekundar. Året ettergjekk det endå fortare då ho vann ein ny bronse i verdsmeisterskapen i Sevilla.

I dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 vann Thanou sølvmedaljen på 100-metere, einast Marion Jones kom i mål før henne. Etter at Jones i 2007 vedgjekk å ha brukt dopingmidlar under leikane mista ho gullmedaljen. Thanou fekk likevel ikkje rykke opp på olympiameisterplassen, som vart ståande tom.

Også i friidretts-VM 2001 vart Thanou nummer to på 100 m, ved det høve var det ukrainske Zjanna Pintusevytsj som kom i mål før henne. Derimot kom Thanou fyrst i mål og vann gullmedaljen på 100 meter under EM 2002 i München.

Thanou enda på fjerdeplass på yndlingsdistansen då VM 2003 vart avvikla i franske Saint-Denis. Ho var også i fremste favorittsjiktet på 100 m før Sommar-OL 2004 på gresk heimebane, då ho vikla seg inn i ei hårreisande historie om ei motorsykkelulukke straks før OL-elden skulle tennast.

Doping Thanou vart utestengd i to år etter at ho ikkje stilte på ein dopingtest framom OL i Aten i 2004. Ho kom ikkje tilbake på friidrettsbanen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Utslått i semifinalane (11,09 -nr 9) OL 1996 i Atlanta: Utslått i mellomheata (11,48 -nr 23) VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (11,34 -nr 9) EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 10,87 VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 10,84 OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 11,12 sekundar, framom Tayna Lawrence (11,18) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 10,91, bakom Zjanna Pintusevytsj (10,82) EM 2002 i München: Gullmedalje – 11,10, framom Kim Gevaert (11,22) VM i 2003 i Paris: Nr 4 – 11,03

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ekaterini Thanou» frå , den 10. september 2015.

World Athletics

Kategori:Greske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Hellas Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Hellas Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Dopingsaker i friidrett