Patish (hebraisk skrift פַּטִּישׁ, tyder 'Hammar') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev nær Ofakim.
Landsbyen vart grunnlagd den 3. mars 1950, og vart kalla opp etter den nærliggande Horvat Patish (tyder Patish-ruinane). I starten vart immigrantar frå Egypt førte her for å busetje staden. Men dei nekta å forlate lastebilen som førte dei dit. Etter fleire forsøk slo ei gruppe kurdiske jødar seg ned i moshaven i mai det året.
I mars 1955 gjekk væpna arabarar infiltratørar frå Gazastripa til åtak på eit bryllaup i landsbyen med handgranater. 24 av gjestene vart skadde og ein vart drepen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patish» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Patish Negev informmasjonssenter
Kategori:Kurdisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel