Eva er eit kvinnenamn. Namnet kjem av eit hebraisk namn frå Første Mosebok i Bibelen, Cawa. Namnet vart som omsett til Eva i den greske bibelomsetjinga (Septuaginta). Namnet kan koma frå det hebraiske omgrepet for liv, chai, men etymologien er uviss. I Bibelen går det fram at Eva var den første kvinna, slik Adam var den første mannen. Namnet Eva eller Evadotter kan nokre gonger verta bruka om alle kvinner.

Bruk av namnet Eva i Noreg Over 20 000 kvinner har Eva som første førenamn. Over 9 500 kvinner har Eva som einaste førenamn.

Kjende namneberarar Den bibelske Eva Eva Nansen (1858-1907), norsk songarinne og kona til Fridtjof Nansen Eva Braun (1912-1945), kjærasten til Adolf Hitler Eva Scheer (1915-1999), norsk-jødisk forfattar Eva Kolstad (1918-1999), norsk politikar og kvinnesakskvinne Eva Peron (1919-1952), argentinsk skodespelar og presidentfrue, mest kjend som Evita Eva Knardal (1927-2006), norsk pianist Eva Joly (f. 1943), norskfødd fransk politikar Eva Lundgren (f. 1947), norsk sosiolog Eva Ström (f. 1947), svensk forfattar Eva M. Nielsen (f. 1950), norsk politikar Eva Marie Halvorsen (f. 1951), norsk lokalpolitikar Eva Jensen (f. 1955), norsk forfattar Eva Isaksen (f. 1956), norsk filmregissør Eva Elisabeth Marklund (f. 1962), svensk krimforfattar kjend som Liza Marklund Eva Cassidy (1963-1996), USA-amerikansk artist Eva Kristin Hansen (f. 1973), norsk politikar (Ap) Eva Weel Skram (f. 1985), norsk Idol-deltakar og frontfigur i Eva & the Heartmaker Eva Rivas (f. 1987), armensk songar og Eurovision-deltakar

I stadnamn

Evaøya i Frans Josefs land nord for Russland er oppkalla etter Eva Nansen.

Kategori:Kvinnenamn