Vardon (hebraisk skrift ורדון) er ein fellesbusetnad sør i det sentrale Israel nord for Kiryat Gat og sør for Kiryat Malakhi. Han er ein del av Yoav regionale kommune.
Han vart grunnlagd i 1960 som eit ungdomssenter og vart ein felleslandsby i 1998. Han ligg mellom tre store moshavar: Menuha, Nahala og Sgula.
Vardon vart grunnlagd på jord som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.
Namnet på landsbyen er ei laus omsetjing av familien til Julius Rosenfeld, som var ein jødisk bidragsytar frå USA. «Vardon» kjem frå vered, som tyder «rose», derfor Rosenfeld.
I 2007 hadde Vardon 69 buande familiar, som utgjorde kring 280 innbyggjarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vardon» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1960 Kategori:1960 i Israel