Mitzpe Yeriho (hebraisk skrift מִצְפֵּה יְרִיחוֹ, tyder Jeriko-utposten) er ein kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 20 km aust for Jerusalem og 10 km aust for Ma'ale Adummim i Judeaørkenen og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 700. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.
Busetjinga vart grunnlagd i oktober 1977
Geografi Landsbyen ligg på ei av dei siste klippene som markerer kanten av Judeafjella, oppom Jordandalen, Daudehavet og den gamle byen Jeriko, som han har fått namn etter. Klimaet er tørt med temperaturar nokre få grader over Jerusalem året rundt.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mitzpe Yeriho» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1977 Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune