Vered Yeriho (hebraisk skrift וֶרֶד יְרִיחוֹ) er ein moshav og israelsk busetjing nær Jeriko i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han er ein del av Megilot regionale kommune.
Samfunnet vart grunnlagd i 1979 då dei sekulære innbyggjarnae braut bort frå dei religiøse i Mitzpe Yeriho, ei busetjing som ligg vest for Vered Yeriho. Moshaven ligg på ein ås med utsyn over Akabat Jaber flyktningleir og Jeriko.
I 2008 hadde Vered Yeriho 130 innbyggjarar.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vered Yeriho» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979 Kategori:1979 i Israel