Anabta (arabisk عنبتا) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer aust for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Anabta eit folketal på 7 329 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 108. Anabta er ein av dei eldste kommunane i Tulkarm guvernement.

Etymologi Anabta er eit todelt ord som består av «Anab» (arabisk for drue) og «Ta», eit ord som refererer til ein romersk landsby.Anabta Anabta Municipality entry titled «عنبتا" (arabisk)

Historie Romersk og bysantinsk tid Under romersk og bysantinsk styre over Palestina, var Anabta ein samaritansk landsby. Ei segn knyter landsbyen til Dositheos, ein samaritansk religiøs leiar som var aktiv det første hundråret evt. Den samaritanske krønikaren Abu l-Fath (1300-talet) nemner at Dositheos døydde av svelt etter å ha gått til 'Anbata der han gøymde seg i ei hole, og fasta for å få visdom. Somme oliventre som framleis finst i Anabta er sagt å vere datert attende til romersk tid.

I følgje Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine, verka staden «eldgammal»,Conder og Kitchener, 1882, s. 158 og her fanst graver skorne ut i berget og ein tank av godt murarbeid.Conder og Kitchener, 1882, s. 170Dauphin, 1998, s. 762

Tida under mamelukkane og osmanarane Under styret til mamelukk-sultanen Baibars al-Bunduqdari på 1200-talet, var Anabta eit sentralt utgangspunkt for dei muslimske hærane i kampane mot krossfararane og mongolane. Staden vart vald fordi han var relativt lett å forsvare, sidan området låg mellom to store høgder.

Under osmansk styre, vart Anabta oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 55 muslimske hushaldningar som betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og presser for druer eller oliven. I 1648 skreiv den osmanske reisande Evliya Çelebi at landsbyen var busett av 100 drusar-familiar.

I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen. Han skildra han som «stor og velbygd», med to vassmøller ved elva. Det var mange kamelar der, sidan landsbyen låg langs hovudruta for kamelar frå Nablus til Ramleh.Robinson and Smith, 1856, s. 125-126 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som moderat stor, i ein dal med oliven i området rundt. Han hadde òg ei mølle. Ein del av Hejaz-banen brukte å gå gjennom sentrum av landsbyen, parallelt til hovudgata.

Det britiske mandatet Den første lokal kommunen i Anabta vart grunnlagd i 1923 under Palestinamandatet. Natt til 15. april 1936, under opptakten til arabararopprøret i Palestina 1936–39 , vart køyretøy på vegen utafor Anabta angripen av væpna landsbybuarar.'Nablus Banidits Seen as Izz ed Din's followers', Palestina Post, Friday, 17. april 1936. To jødar vart skotne og drepne og ein tredje døydde seinare av skadane.Israel's secret wars: A history of Israel's intelligence services, Ian Black I juni førte ei trefning mellom lokale arabarar og britiske soldatar til at landsbyen vart bomba frå lufta.

Jordan I 1954 under jordansk okkupasjon av Vestbreidda, vart Anabta ein kommune. Mellom 1922 og 1947 auka folketalet med 110 %.Transformation in Arab Settlement, Moshe Brawer, in The Land that Became Israel: Studies in Historical Geography, Ruth Kark (ed), Magnes Press, Jerusalem 1989, s.177

Israel Etter seksdagarskrigen i 1967 vart Anabta ein del av israelskokkuperte territorium, og i følgje ei kjelde frå 1968 vart landsbyen kraftig utvikla og fekk lokal kommunestatus. I følgje forsvarsdepartementet i Israel, vart landsbyen knytt til det israelske straumnettverket.

Palestina Anabta ligg langs kanten av Område A i Tulkarm-distriktet, ei administrativ inndeling etter Osloavtalen i 1993, som tyder at byen er fulllstendig underlagt Den palestinske sjølvstyresmakta.

Geografi Anabta ligg 19 kilometer vest for Nablus og 9 kilometer aust for Tulkarm. Byen grensar i nord til landsbyen Kafr Rumman, i sør til byen Kafr al-Labad, i aust til landsbyen Ramin og i nordvest til byen Bal'a. Byen ligg 150 meter over havet.Tulkarem: town listing in a snapshot Palestina Remembered Han er omgjeve av åsar på alle sider, og ein liten dal går gjennom sentrum av byen. Byen har eit urbant område som dekkjer kring 1 300 mål. Området rundt er planta med oliven, fiken og mandlar eller dekt av skog. Fem undergrunnsbrunnar dannar vassforsyninga til landsbyen.Town of Tulkarem and its villages Palestina Information Centre. Den israelske busetjinga Einav ligg søraust for byen og eit israelsk kontrollpunkt ligg aust for byen.Kart over den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda - B'Tselem

Kjende innbyggjarar Rami Hamdallah, palestinsk statsministerPalestinian PM who resigned is asked again to form government , 13 Aug 2013. og leiar for An-Najah nasjonaluniversitetRami Hamdallah Samiha Khalil, tidlegare palestinsk presidentkandidat Ibrahim Nassar, palestinsk politikar og kommandant i arabararopprøret i Palestina 1936–39

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anabta» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:

s. 762

Bakgrunnsstoff Anabta kommune Anabta & Iktaba - Palestina Remembered Entry

Kategori:Tulkarm guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda