Salfit (arabisk سلفيت), òg skrive Salfeet, er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda. Salfit ligg 570 meter over havet, like ved den israelske busetjinga Ariel. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Salfit eit folketal på 8 796 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112. Han har vore styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta sidan 1995 og har vore det administrative setet i Salfit guvernement sidan då.palestinsk National Information Centre

Etymologi mini|venstre|Salfit i 2010 I følgje Salfit handelskammer, kjem ordet Salfit frå eit kanaanittisk ord som tyder «druekorg» (Sal tyder «korg» og fit tyder «druer».)Historie and Development. Salfit Chamber of Commerce.

Historie På 1100- og 1200-talet var Salfit busett av muslimar.Ellenblum, 2003, s. 263.

Osmansk tid Den moderne Salfit vart grunnlagd i osmansk tid.Shahin, 2005, s. 222. I 1596 stod landsbyen oppført i osmanske skattelister under namnet Salfit al-Basal som ein del av i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 118 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132

I denne tida var han eit senter for lokale landsbyar,Lockman, s. 143. og var ein av mange store handelslandsbyar i området som var ein mellomstasjon mellom det administrative senteret i Nablus og mindre landsbyar.Doumani, 1995, s. 166. I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Salfit som «ein stor landsby, i høgt lende, med olivenlundar kring seg, og ein dam i aust. Han er visstnok ein eldgammal stad med graver hogde ut i fjellet.» Det vart òg nemnt to vasskjelder vest for landsbyen.Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 287.

I 1916, mot slutten av det osmanske styret i Palestina, var Salfit ein av dei to største landsbyane i Nablus sanjak som produserte olivenolje. På de tida var det spaningar mellom innbyggjarane i landsbyen og kjøpmenn frå Nablus.Doumani, 1995, s. 150. Ei av årsakene tild ette var eit grashoppeåtak på avlingane i Salfit året før, som hadde øydelagd avlingane til landsbyen.Greenberg, 2010, s. 42.

Moderne tid I 1948 var Salfit eit senter for Det palestinske kommunistpartiet.Bardin, 2012, s. 184. Gjennom 1950-åra vart han ein stor skanse for kommunistrørsla og eit senter for anti-jordansk aktivitet (Vestbreidda vart annektert av Jordan etter den arabisk-israelske krigen i 1948.)Lochman, 1989 s. 144. Salfit fekk kommunestatus i 1955.

I 1989 stod kommunismen framleis sterkt i Salfit. Mellom den israelske okkupasjonen som byrja i 1967 etter seksdagarskrigen og Den første intifadaen, det palestinske opprøret som starta i 1987, arbeidde relativt mange av innbyggjarane, kring 600 av eit folketal på 4 500, i sjølve Israel og i den nærliggande israelske busetjinga Ariel. I Salfit var det fleire arbeidarar som arbeidde i israelske føretak enn i andre palestinske byar, fordi han låg nær grensa til Israel og fordi løna var mykje høgare i Israel.Robinson, 1997, s. 58-60.

I byrjinga av den første intifadaen, boikotta nesten alle arbeidarane jobbane sine i Israel og året etter, då mange av palestinarane avslutta boikotten, vart kring halvparten av arbeidarane nekta å kome attende til jobbane sine. Dette førte til ein nesten «grøn revolusjon» i byen, då mange av arbeidarane måtte starte med jordbruk. Byen vart slikt sjølvforsynt med tomatar og agurkar, som ikkje var blitt dyrka her tidlegare. I tillegg vart det dyrka mange andre grønsaker.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Salfit» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Salfit