Deir Jarir (arabisk دير جرير) er ein palestinsk jordbruksby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 11 kilometer nordaust for Ramallah. Han ligg på ein åstopp oppom Jordandalen i ei høgd på 900 meter over havet.About Deir Jarir Village The Applied Research Institute - Jerusalem. 30. mars 2015. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Deir Jarir eit folketal på kring 3 986 innbyggjarar i 2006.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.

Historie Namnet tyder Jerir-klosteret eller Jerir-huset, kalla opp etter den arabiske diktaren Jarir.

I 1596 stod landsbyen oppført (med namnet Dar Jarir) i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 23 hushaldningar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 113.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.Guérin, 1869, s. 44, and Guérin, 1874, s. 208 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Dar Jerir som «ein mellomstor landsby, med gamle graver i sør, og ei kjelde i vest; nokre få oliventre på same side.»Conder og Kitchener, 1882, s. 291

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde landsbyen, då kalla Dair Ijreer, eit folketal på 739, alle muslimar. I folketeljinga i 1931 var folketalet i Deir Jarir 847, framleis berre muslimar, i 172 busette hus.

I 1945 var folketalet i Deir Jarir 1 080, alle arabarar, som eigde 33 161 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 3 091 mål var plantasjar og irrigert land, 6 499 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 40 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Centre, 1970, s. 161

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Deir Jarir» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Foto Velkomen til Dayr Jarir

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda