Beit Ur al-Fauqa (arabisk skrift بيت عور الفوقا) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 14 km aust for Ramallah og 3 km søraust for Beit Ur al-Tahta. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han 864 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.115.
Historie Beit Ur al-Fauqa hra bevart delar av det originale kanaanittiske namnet på landsbyen, og har blitt identifisert som staden Øvre Bethoron. Arkeologiske funn indikerer at Nedre Bethoron (Beit Ur al-Tahta) vart grunnlagd før Øvre Bethoron; potteskar som er funne i Beit Ur al-Fauqa er dater frå jernalderen og framover, medan potteskar frå den nedre landsbyen er datert frå sein bronsealder. Ein stor birkeh (dam) nordaust i landsby er hogd ut i berget.Conder og Kitchener, 1883, s. 86
Hashmonarane stoppa hellenarane to gonger på veg mot Jerusalem i Øvre Bethoron. I eit tredje forsøk, klarte Bakkhides å slå hashemonane og bygge ei borg i dette strategiske passet.Sharon, 1999, s. 165 Det var i dalane nær Bethoron at den 12. romerske legionen under Cestius Gallus vart øydelagd i 66 evt. i starten på det store jødiske opprøret.Goodman, Martin. (2007). Rome and Jerusalem; The Clash of Ancient Civilizations. s. 14. Etter at det jødiske opprøret var over i 70 evt., bygde romarane ei festning i byen for å vakte over vegen inn til Jerusalem. Seint i romartida og under austromarane, vart Beit Ur al-Fauqa mindre viktig og hadde blitt ein liten landsby på 400-talet.Sharon, 1999, s. 166
Landsbyen er blitt identifisert som Bethoron Superior eller Vetus Betor i krossfarartida. Dronning Melisende av Jerusalem gav landsbyen som eit len til Mar Saba. I 1165/64 vart han seld til prestane i Den heilage grav-kyrkja. de Roziére, 1849, s. 279, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 106-107, No 409Pringle, 1997, s. 29 Ruinane av eit tårn, Al-Burj, i landsbyen er datert til denne tida.Beyer, 1942 identifiserte Vetus Betor med Beit Ur al-Tahta, i følgje Finkelstein et al, 1997, s. 304
Ein arabisk inskripsjon med eit vers frå Koranen vart funnen i ruinane av ein steinstruktur i Beit Ur al-Fauqa, som Moshe Sharon meinte kom frå tida då ajjubidane herskar i Palestina.
Osmansk tid Beit Ur al-Fauqa vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene i 1596, var landsbyen oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 5 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112
mini|Flyfoto av Beit Ur al-Fauqa, 1931
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og han estimerte eit folketal på kring 150 innbyggjarar, og skildra omliggande hagar medoliventre. Han noterte òg ruinane av ei lita borg.Guérin, 1868, s. 346-347 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Ur Al Foka som «ein liten landsby bygd av stein på enden av utstikkar frå ei høgd. Lendet er særs bratt i vest. Vassforsyninga er kusntig, og i nord og sør ligg djupe dalar. Ein har flott utsyn mot vest, inkludert havet, slettene i Lydda og Ramleh, og delar av Ajalondalen.»Conder og Kitchener, 1883, s. 17
Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit 'Ur al-Fuqa eit folketal på 147, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 Under folketeljinga i 1931 hadde Beit 'Ur al-Fauqa 47 busette hus og eit folketal på 173, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 47.
I 1945 var folketalet 210, alle arabarar, medan det samla landarealet var 3 762 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 989 for plantasjar og irrigert land, 1 277 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 26 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 og våpenkvileavtalen i 1949 var Beit Ur al-Fauqa under Jordan sitt styre.
Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Beit Ur al-Fauqa vore under israelsk okkupasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Ur al-Fauqa» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
(p. 398)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt 'Ur al-Fauqa
Kategori:Bronsealderstader i Dei palestinske territoria Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement