Beit Furik (arabisk بيت فوريك) er ein palestinsk by som ligg ni kilometer søraust for Nablus, i Nablus guvernement nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 10 339 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110. På 1800-talet og midt på 1900-talet, forsynte Beit Furik kalk til såpeindustrien i Nablus.Soap, Class, and State (1995) Doumani, Beshara. University of California.

Arkeologi Byen er bygd i ruinane etter ein jødisk oldtidsby, Perek, som var kjend for mandlar og nøter som vart førte til Tempelet i Jerusalem. Denne byen er nemnt i Mishna og Talmud.Mishna, Book of Erla C: G Det moderne arabiske namnet kjem frå denne oldtidsbyen.Perech In Phd. Ben-Zion Segal's «Sikem" Geografi of the Mishna & Talmud's online atlas

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beit Furik» frå , den 24. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt Furik

Kategori:Nablus guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda