Tore Ruud Hofstad () er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Hurdal som representerer Lillehammer Skiklub.

Under VM 2003 i Val di Fiemme var han med på det norske laget som tok gull på stafetten, og han fekk i tillegg sølvmedalje i jaktstarten.

I Oberstdorf to år seinare, under VM 2005, var han igjen med på å vinne gull på 4x10 km stafett. Han vann òg gull i sprintstafetten saman med makkeren Tor Arne Hetland. I tillegg fekk Hofstad ein individuell bronsemedalje på 15 km fristil.

Han tok den første individuelle verdscupsigeren sin 27. november 2005 i Kuusamo i Finland. I 2010 la han opp som skiløpar etter å ha vore mykje plaga med sjukdom og skadar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2000: Nr 17 på 10 km på Vang Ski-NM 2001: Nr 11 på 30 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Bronsemedalje i sprint på Vang Ski-NM 2003: Bronsemedalje på 30 km i Molde Ski-NM 2004: Sølvmedalje på 30 km på Bardufoss Ski-NM 2005: Gullmedalje på 15 km på Lillehammer Ski-NM 2006: Sølv i 3 x 10 km stafett med Lillehammer SK, nr 5 i sprint Ski-NM 2007: Sølvmedalje på 15 km i Meråker Ski-NM 2008: - Ski-NM 2009: Gullmedalje i 3 x 10 km stafett med Lillehammer SK

Bakgrunnsstoff

Tore Ruud Hofstad i olympedia.org VG, 24.11.07: Ruuf Hofstad skjønner ikke favorittstempelet. Adressa, 07.07.10: Ruud Hofstad legger opp

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Folk frå Hurdal