1987 (romartal MCMLXXXVII) var eit normalår som byrja på ein torsdag etter den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 23. februar: Ei supernova blei oppdaga i den største av Magellanskyene. 2. mars: Chrysler overtok American Motors. 6. mars: Den britiske ferja M/S «Herald of Free Enterprise» kantra i Den engelske kanalen på veg frå Zeebrugge i Belgia. 193 menneske døydde. 28. mai: Tyskaren Mathias Rust landa på Den raude plassen i Moskva med eit småfly. 8. desember: INF-avtalen om å fjerna alle amerikanske og sovjetiske mellomdistanserakettar frå Europa blei underskriven av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov. 20. desember: Det filippinske passasjerskipet Dona Paz kom i brann og sokk etter ein kollisjon. Over 4000 menneske døydde.

Noreg 24. februar: Det blei meld om invasjon av selar langs norskekysten.

Mosjøen lufthamn, Kjærstad vart opna.

Fødde mini|Magdalena Neuner er fødd 9. februar

22. januar: Astrid Jacobsen, norsk skiløpar 2. februar: Håvard Bøkko, norsk skøyteløpar 9. februar: Magdalena Neuner, tysk skiskyttar 11. april: Joss Stone, britisk songar 17. mai: Edvald Boasson Hagen, norsk syklist 11. juni: Didrik Solli-Tangen, norsk songar 24. juni: Lionel Messi, argentinsk fotballspelar 30. juni: Aleksander Denstad With, norsk songar 3. august: Alexander Søderlund, norsk fotballspelar 25. august: Amy Macdonald, skotsk songar og låtskrivar 1. september: Mats Zuccarello Aasen, norsk ishockeyspelar 22. september: Tom Hilde, norsk skihoppar 18. oktober: Zac Efron, USA-amerikansk skodespelar 5. november: Alejandro Fuentes, norsk songar

Døde mini|Gravsteinen til Cornelis Vreeswijk

22. februar: Andy Warhol, USA-amerikansk kunstnar 18. mars: Kari Diesen, norsk skodespelar 2. april: Buddy Rich, USA-amerikansk jazztrommeslagar 11. april: Primo Levi, italiensk forfattar 14. mai: Rita Hayworth, USA-amerikansk skodespelar 17. mai: Gunnar Myrdal, svensk økonom 22. juni: Fred Astaire, USA-amerikansk skodespelar 30. juni: Torborg Nedreaas, norsk forfattar 17. august: Rudolf Hess, tysk nazipolitikar 3. september: Zinken Hopp, norsk forfattar og omsetjar 19. september: Einar Gerhardsen, norsk statsminister 12. november: Cornelis Vreeswijk, nederlandsk-svensk musikar 2. desember: Trygve Hoff, norsk songar og tekstforfattar