Beit 'Amra (arabisk خربة بيت عمرة) er ein palestinsk by som ligg 12 kilometer sørvest for Hebron. Byen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 2 165 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.120.
Historie Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildra han som ein ruin. Han skreiv at «desse ruinane strekkjer seg over ein stor ås, der den lågare delen har god vassforsyning. Mange cisterner er hogde ut i fjellsida. Fleire av desse er utrusta med steinare som skal stoppe vatnet i munninga. På alle sider ser ein gamle underjordiske kammer, som ein gong høyrde til husa som no er øydelagde. Ruinane er dekte av kratt. Tuftene etter to kyrkjer, nesten fullstendig øydelagde, er framleis synlege. Dei er bygde aust til vest begge to, den eine høgare oppe i landsbyen, den andre lenger nede. Ved den første finn ein bitar av ein døypefont.»Guérin, 1869, s. 208. As omsetjing av Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 351
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund staden i Survey of Western Palestine som ein «stad i ruinar på ei høgd, minnar om Khurbet 'Aziz. Cisterner, falleferdige murar, søyler og dekksteinar vart observert».Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 351
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beit 'Amra» frå , den 28. september 2015.
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement