Ash-Shuyukh eller al-Shuyukh (arabisk الشيوخ) er ein palestinsk by i Hebron guvernement som ligg 6 km nordaust for byen Hebron. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Ash-Shuyukh eit folketal på over 8 811 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
Som resten av Hebron-området, er ash-Shuyukh eit jordbruksområde. Det vert hovudsakleg dyrka oliven, fiken, mandlar, linser, fersken og aprikos.Shuyukh Jordbruk, Economy and Historie In arabisk
Historie Osmansk tid Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, seint i osmansk tid. Han skreiv at landsbyen låg på ei høg klippe. Han hadde 200 innbyggjarar og ein liten moské tileigna "Cheikh Ibrahim el-Hedmi.»Guérin, 1869, s. 150
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein velbygd landsby i høgt lende, og synleg frå Tekua. Det står nokre få tre rundt, og grotter. Vassforsyninga kjem frå cisterner, og det ligg ei kjelde i nord.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde 'Al Shiukh eit folketal på 792, alle muslimarBarron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10 Dette hadde auka under folketeljinga i 1931 til 925 muslimar, i 180 hus.Mills, 1932, s. 33
I 1945 var folketalet i Ash-Shuyukh 1 240 arabarar, som eigde 22 091 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 1 713 mål var plantasjar og irrigert land, 3 365 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94 medan 24 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ash-Shuyukh» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Shuyukh
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement