Kalandia (arabisk قلنديا, hebraisk skrift קלנדיה), òg Qalandiya, er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, mellom Jerusalem og Ramallah, like vest for Jerusalem kommune. I 2006 budde det 1 154 innbyggjarar i landsbyen, i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå. Kalandia er òg namnet på ein flyktningleir, oppretta av UNWRA i 1949. Han ligg like aust for Jerusalem kommune. Kalandia flyktningleir vart bygd for palestinske flyktningar frå Lydda, Ramle og Jerusalem etter den palestinske utflyttinga i 1948.Kalandia Refugee Camp

Historie Det er funne fleire oldtidsgraver i Kalandia.Conder og Kitchener, 1883, s. 11 Ein har òg grave ut eit bysantinsk bad og ein har funne keramikk frå den same perioden.Dauphin, 1998, s. 844

Under krossfarane var Kalandia ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til prestane i Den heilage grav-kyrkja.de Roziére, 1849, s. 30: Calandria, s.263: Kalendrie, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74Röhricht, 1904, RHH Ad, s. 5, No. 74Rey, 1883, s. 387

Kalandia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i osmanske skattelister frå 1596, var landsbyen, då kalla Qalandiya, ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen eit folketal på 15 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han skildra som ei lita grend med nokre få hus med fikenplantasjar rundt.Guérin, 1868, s. 393, Guérin, 1869, s. 6

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein «liten landsby på ei høgd, omgjeve av oliven, med steinbrot i vest.»Conder og Kitchener, 1883, s. 10-11

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Qalandieh (Qalandia) eit folketal på 144, 122 muslimar og 22 jødar.Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15 Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då Qalandiya hadde ein heilmuslimsk folkesetnad på 120, i 25 hus.Mills, 1932, s. 42

I 1945 var folketalet i Kalandia på 190 arabarar, og landområdet var 3 940 mål.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58 427 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 202 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103 medan seks mål var utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153

Kalandia lufthamn Fram til 1930 var Kalandia den einaste flyplassen i Palestinamandatet, sjølv om det var fleire militære flystriper. Kalandia vart nytta av viktige gjester som kom til Jerusalem.An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration of Palestina, 1917-1929 Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, New York & Jerusalem, 1994, s. 152 Han opna for faste flyruter i 1936.Atarot and the Fate of the Jerusalem Airport Etter seksdagarskrigen fekk han namnet Atarot lufthamn av Israel, men vart nedlagt som følgje av Israel–Palestina-konflikten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qalandiya» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:

(s. 137, 141, 315)

Bakgrunnsstoff Velkomen til Qalandiya

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Palestinske flyktningleirar på Vestbreidda Kategori:Jerusalem guvernement