Trygve Bornø () var ein norsk militær offiser og fotballspelar frå Harstad. Frå landslagdebuten i 1966 til 1972 spelte han 43 landskampar på den norske midtbanen, utan å skåre eit einaste mål.

Bornø spelte for Harstad Idrettslag til 1963. I 1962 var han sentral då laget vart nordnorsk cupmeister etter finalesiger 2-1 over Bodø/Glimt. Bornø spelte deretter 15 sesongar, 1964-78, for osloklubben Skeid. I 1966 var han ein av dei viktigaste spelarane då Skeid vann sitt einaste seriemeisterskap. Åtte år seinare vart han norsk meister med Skeid då laget slo favoritten Viking FK 3-1 i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Bornø var frå 1983 til -85 generalsekretær i Norges Fotballforbund.

Merittar Seriemeister: 1966 med IK Skeid Noregsmeister: 1965 og 1974 med IK Skeid

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trygve Bornø» frå , den 29. september 2015.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Folk frå Harstad