24SevenOffice er eit norsk IT-firma med hovudkontor i hovudkontor i Oslo og andre kontor i Sverige, Danmark og USA.

Firmahistorie 24SevenOffice vart starta i 1997 i Porsgrunn av Stian Rustad. Selskapet heitte tidlegare kontorplassen.no men skifta i februar 2005 namn til 24SevenOffice.

Selskapet har opplevd betydeleg vekst, inkludert børsnotering i 2007, og senere privatisering i 2013. Selskapet har også vunne kundar som leiande revisjonsselskap, inkludert PwC og KPMG.

Produkt 24SevenOffice tilbyr eit komplett web-basert ERP-system, som inkluderer modular for CRM, rekneskap, fakturering, timeregistering, prosjektstyring med meir.

24SevenOffice har vunne fleire prisar, inkludert «Seal of Excellence» på CeBIT og «Årets Produkt 2005» i Kapital.

Konkurrentar 24SevenOffice konkurrerer med både internasjonale og nasjonale selskap. Dei viktigaste konkurrentane inkluderer NetSuite, Fortnox, Tripletex og tradisjonelle norske aktørar som Mamut og Visma.

Modular Fakturering Rekneskap Salsstøttesystem (CRM) Lønn Timeregistrering Fil-/dokumenthandsamar E-post Prosjektstyring Kalender Publisering Netthandel

Kjelder

Bakgrunnsstoff 24SevenOffice si vevside Test av 24SevenOffice i PCWorld

Kategori:Norske programvareprodusentar Kategori:Skipingar i 1997