Husan (arabisk حوسان) er ein palestinsk by nord for Gush Etzion regionale kommune, ni kilometer vest for Betlehem i Betlehem guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Husan hadde eit folketal på 5 511 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.

Etymologi På arabisk tyder husan ‘venleik’. Namnet kan òg kome frå Hassan kloster, som seinare vart Husan.Husan profile

Historie Dei eldste funna i landsbyen er datert attende til jernalderen. Andre funn er gjort frå tida etter den babylonske eksiltida og frå mellomalderen.Hussan Old Core The Centre for Cultural Heritage Preservation Dei opphavlege innbyggjarane kom frå Den arabiske halvøya og Jemen på 200-talet. Ein har òg funne keramikk frå bysantinsk tid.Dauphin, 1998, s. 913

Osmansk tid Husan, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelister frå 1596, stod landsbyen oppført som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde berre muslimske innbyggjarar i 12 hushaldningar som betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer og frukttre, grønsaker og frukthagar, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 115

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Husan i juni 1863, skreiv han at han låg på eit fjell.Guérin, 1869, pt. 2, s. 385 Seinare i august same året, skreiv at han staden berre var busett av eit fåtal innbyggjarar, og at husa låg kring eit tårn.Guérin, 1869, pt. 3, s. 383

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Hausan som ein liten steinlandsby på ein flat rygg, med ein bratt dal i nord og ein brunn i sør.Conder og Kitchener, 1883, s. 25

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Husan ein muslimsk folkesetnad på 396 innbyggjarar.Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18 Dette auka i folketeljinga i 1931 til 540, framleis alle muslimar, i 122 hus.Mills, 1932, s. 36

I 1945 var folketalet 770, alle arabarar, som eigde 7 252 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 57 Av dette var 1 972 dekar for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102 medan 37 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152

Etter 1948 Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Husan under jordansk styre.

Den 27. oktober 1996 vart ein 10 år gammal palestinsk gutt slegen i hel av ein isarelsk busetjar, medan guten var på veg heim frå skulen. Han døydde av skadane dagen etter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Husan» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Husan ved palestineremembered.com

Kategori:Betlehem guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda