Petroecuador (Petróleos del Ecuador) er eit ecuadoriansk statseigd oljeselskap, skipa i september 1989. Selskapet kontrollerer leiting etter og utvinning av petroleum i alle nasjonale landområde og havterritorium.
Petroecuador er ei vidareføring av det tidlegare la Corporación Estatal Petrolera Ecuatoriana (CEPE) skipa i juni 1972 då staten tok sterkare nasjonal kontroll over petroleumsverksemd og kommersialisering av hydrokarbon i Ecuador. Det nye Petroecuador vart eit sjølvstyrt selskap med skyldnad for forvaltningsoppgåver og operative oppgåver i petroleumsverksemda. Dei skulle frå no av finansiere seg sjølv ved å ta 10 % av all profitt, medan opphavlege CEPE vart finansiert gjennom årlege statlege løyvingar.
Petroecuador er morselskap for fleire dotterselskap, dei tre største er: Petroproducción (oppstraums petroleumsverksemd) Petroindustrial (raffinering, har ansvar for å operere dei tre oljeraffineria i landet) Petrocomercial (transport og kommersialisering av raffinerte produkt på heimemarknaden)
Operatørskapet for oljerøyrleidninga Sistema Oleducto Trans-Ecuatoriano (SOTE) er òg under Petroecuador sitt ansvarsområde. Vidare har selskapet ei statleg forvaltingsoppgåve i å administrere tilbydarprosessane for leiteløyve og konsesjonar for å produsere petroleum.
Kjelder :es:Petroecuador Artikkel Ecuador Oil Equipment hos kanadisk nettstad for forretning og forbrukarar (10. oktober 2003) Maria Sophia Steyn: Ei dr.philos avhandling om oljepolitikk i Ecuador og Nigeria, University of the Free State Bloemfontein, South Africa (2003)
Bakgrunnsstoff Petroecuador sin nettstad
Kategori:Oljeselskap Kategori:Ecuador Kategori:Skipingar i 1989