Eagles Live er det første konsertalbumet til det amerikanske rockebandet Eagles, eit dobbeltalbum gjeve ut 7. november 1980. Eagles vart uoffisielt oppløyst den 31. juli 1980 etter ein konsert i Long Beach i California. Men bandet skulda framleis Elektra/Asylum eit konsertalbum frå turneen. Eagles Live vart miksa av Glenn Frey og Don Henley på kva sin kyst, då dei fann ut at dei ikkje klarte å vere i same stat, og i all fall ikkje i same studio, og som Bill Szymczyk sa det, den perfekte trestemmars harmonien på plata vart fiksa «med hjelp av Federal Express». Rolling Stone Record Guide sa i 1983 om albumet at «det er kanskje det konsertalbumet i historia som er pynta mest på i studio i ettertid.» «Seven Bridges Road» vart gjeven ut som singel og nådde topp 40. Songen syner den harmonivokalen til bandet. På første og siste vers syng alle dei fem medlemmane i Eagles harmonivokal.
Innhald
Medverkande Eagles Don Felder - gitarar, vokal Glenn Frey - gitarar, klaverinstrument, vokal Don Henley - trommer, perkusjon, vokal Randy Meisner - bassgitar, vokal (1976-konsertane) Timothy B. Schmit - bassgitar, vokal (1980-konsertane) Joe Walsh - gitarar, klaverinstrument, vokal
Andre musikarar Jage Jackson - rytmegitar, perkusjon Phil Kenzie - saksofon Vince Melamed - elektrisk piano The Monstertones - korvokal J.D. Souther - vokal, akustisk gitar Joe Vitale - piano, organ, trommer, perkusjon
Teknisk Bill Szymczyk - produksjon Ted Jensen - mastering lydteknikar
Lister
ListePlasseringAustralian Kent Music Report3Canadian RPM Album Chart25Nederland7Japane - Oricon8New Zealand9Noreg - VG-lista25Sverige44UK Album Chart24US Billboard 2006Vest-Tyskland - Media Control55
Årslister Liste (1980)PlasseringAustralia67Liste (1981)PlasseringAustralia60US Billboard Pop Album67
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eagles Live» frå , den 17. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 1980 Kategori:Eagles-album Kategori:Album produserte av Bill Szymczyk Kategori:Asylum Records-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Plateomslag av John Kosh