«How Long» er ein antikrigssong av den amerikanske songar-låtskrivaren J.D. Souther. Han var skriven i 1971 som ein reaksjon mot Vietnamkrigen, og vart gjeven ut på debutalbumet hans John David Souther i 1972. Han vart gjeven ut som ein avgrensa singel i 1972 med «The Fast One» som B-side."How Long"/"The Fast One". Asylum A-11009
Eagles, som var venar med Souther sidan tidleg i 1970-åra og samarbeidde med Souther mange gonger, spelte ofte «How Long» på konsertane sine tidleg og midten av 1970-åra. I 2007 spelte dei inn songen for albumet Long Road Out of Eden, det første studioalbumet deira sidan 1979. Eit år seinare vann dei Grammy-prisen med songen i kategorien beste countrysong av duo eller gruppe. Det var den første Grammyen dei vann sidan 1979.
Lister Liste (2007–08)PlasseringUK Singles (Official Charts Company)110US Mainstream Rock Tracks (Billboard)38
Kjelder Denne artikkelen bygger på «How Long (J. D. Souther song)» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 2007 Kategori:Antikrigssongar Kategori:Eagles-songar Kategori:J.D. Souther-songar Kategori:Songar skrivne av J.D. Souther Kategori:Lost Highway Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk