Trengereid er ei bygd i Arna i Bergen kommune. Staden ligg ved Sørfjorden, sørom Osterøy.

Fylkesveg 7 og Europaveg 16 møtest like ved Trengereid, og Bergensbanen går gjennom bygda nede ved fjorden.

Trengereid fabrikker vart i 1895 etablert av Johan Jebsen. Fabrikken dreiv med band og lisseproduksjon og hadde eiget kraftverk. Trengereid kraftverk er i dag modernisert og overteke av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.

Namnet Trengereid kjem av gamalnorsk Þreng(v)areið/Þrøngvareið, og tyder eid som er skapt av, eller går gjennom, ei snevring. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7

Sjå òg Trengereid kapell Trengereid kraftverk Trengereid skule Trengereid stasjon

Fotografi frå Trengereid

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gardar i Arna Kategori:Bygder i Vestland