Steven Maxwell «Steve» Porcaro () er ein amerikansk klaverspelar og komponist, som var opphavleg medlem i rockebandet Toto. Han er òg den einaste overlevande av Porcaro-medlemmane etter brørne Jeff og Mike som døydde i høvesvis 1992 og 2015.

Porcaro skreiv eller var medlåtskrivar på minst ein song på dei første seks albuma til Toto, med unntak av Isolation. I motsetnad til bandmedlemmane song han sjeldan på songane.«Lea", Toto99.com. Henta 27. oktober 2011. Han slutta i Toto i 1986 etter Fahrenheit for å konsentrere seg fullt som låtskrivar. Porcaro skreiv musikken til songen «Human Nature» og produserte synthesizeren for «The Girl Is Mine» frå Michael Jackson-albumet Thriller, og spelte med Gary Wright på turneen hans i 1977.

Porcaro har halde fram å arbeide med Toto i seinare år. Han har òg samarbeidd med artistar som Yes (på Union) og Jefferson Airplane (på Jefferson Airplane). Han var medlem i det kortvarige bandet til Chris Squire, The Chris Squire Experiment, i 1992.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Porcaro» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside hos Toto

Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Musikarar frå Connecticut Kategori:Toto-medlemmar