«Tu primo grande amore» er ein singel av Vincenzo Cantiello, gjeven ut 3. oktober 2014. Songen er skriven av Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni, Leonardo de Amicis, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano.

Eurovision Junior Eurovision Song Contest 2014

26. september 2014 vart det kjend at Cantiello skulle representere Italia då landet debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2014 i Marsa på Malta. Både artist og song vart vald internt av Rai Gulp, og 3. oktober 2014 vart «Tu primo grande amore» offentleggjort som det italienske bidraget. Bidraget vart framført på italiensk og engelsk, og vann tevlinga med 159 poeng; 12 frå barnejuryen, San Marino, Slovenia og Montenegro, ti frå Bulgaria, Kroatia, Kypros, Georgia, Ukraina og Malta, åtte frå Armenia, Serbia og Nederland, sju frå Sverige, seks frå Russland og to frå Kviterussland. I tillegg fekk alle landa tolv poeng før poengutdelinga slik at ingen skulle ende opp med null. Røystesystemet var sett saman av 50/50 telefon- og juryrøyster. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på tredjeplass med 100 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget vunne med 143 poeng. Sigeren gjorde Italia til det fyrste landet som vann same år som dei debuterte, om ein ser vekk ifrå sigeren til Kroatia i den fyrste utgåva av tevlinga i 2003. Det var òg fyrste gong ein song med tekst på italiensk vann tevlinga.

Fotnotar

Kategori:Singlar frå 2014 Kategori:Italienske songar Kategori:Junior Eurovision Song Contest 2014-songar Kategori:Junior Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Italienske Junior Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Junior Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Junior Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Junior Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Vincenzo Cantiello-songar Kategori:Songar skrivne av Vincenzo Cantiello Kategori:Songar skrivne av Alterisio Paoletti Kategori:Songar skrivne av Fabrizio Berlincioni Kategori:Songar skrivne av Leonardo de Amicis Kategori:Songar skrivne av Francesca Giuliano