«Fool (If You Think It's Over)» er ein song av den britiske musikaren Chris Rea frå 1978. Songen vart gjeven ut på debutalbumet hans, Whatever Happened to Benny Santini? og var den første singelen frå albumet.
Songen nådde først ikkje singellista i heimlandet Storbritannia, men gjorde det godt i USA der han klatra til 12. plassen på Billboard Hot 100-lista i september 1978. Songen låg òg tre veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista. Songen vart så gjeven ut på ny i Storbritannia og nådde då 30. plassen på UK Singles Chart.
Lister Vekeslister Liste (1978)PeakpositionAustralia 39Canadian RPM Top Singles15Canadian RPM Adult Oriented Playlist1Nederland - topp 4025New Zealand31UK30U.S. Billboard Hot 10012U.S. Cash Box Top 10010U.S. Billboard Easy Listening1
Årslister Liste (1978)PlasseringAustralia 133Canada101U.S. Billboard Hot 10084U.S. Cashbox86
Andre versjonar Songen er òg blitt spelt av fleire andre artistar, mellom andre den britiske songaren Elkie Brooks som tok songen til 17. plassen på den britiske singellista i 1981.
Songen vart nytta som kjenningsmelodi til den britiske situasjonskomedien Joking Apart i 1990-åra. Kenny Craddock arrangerte og framførte denne versjonen av songen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fool (If You Think It's Over)» frå , den 12. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [ Om songen] av Mike DeGagne på Allmusic Liste over coverversjonar av «Fool (If You Think It's Over)»
Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Debutsinglar frå 1978 Kategori:Chris Rea-songar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar skrivne av Chris Rea Kategori:Songar produserte av Gus Dudgeon Kategori:Magnet Records-singlar Kategori:United Artists Records-singlar