Otto Eugen Hauglin () var ein norsk sosiolog og politikar for Sosialistisk Valforbund og SV. Han var stortingsrepresentant frå Østfold i perioden 1973 til 1977.
Hauglin vart Mag.art. i sosiologi i 1970. Han var rektor ved Diakonhjemmets sosialskole frå 1970 til han vart oppsagt ved årsskiftet 1979-1980.http://www.diakonhjemmet.no/DHS/Aktuelt/Alle-nyheter/Otto-Hauglin-doede-soendag-etter-en-tids-sykeleie Bakgrunnen for oppseiinga var at han hadde nekta å praktisera dei personalpolitiske retningslinjene til hovudstyret. Norsk sosionomforbund og LO gjekk til sak mot Diakonhjemmet. Saka gjekk til Høgsterett, der Diakonhjemmet vann.Gunnar Stave, Mannsmot og Tenarsinn (1990), side 305 Hauglin var på slutten av 90-talet tilbake på Diakonhjemmet, då ved sjukehuset, som leiar for arbeidsgruppa som greidde ut reform i leiingsstrukturen til sjukehuset.Ånund Brottveit, Et linjeskifte i sykehusledelse? (2004), side 19
Stortingskomitéer 1975–1977 medlem i Finanskomiteen 1973–1975 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1973–1977 varamedlem i Valkomiteen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Otto Hauglin» frå , den 18. desember 2015.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV