Maria Epple () er ein tysk tidlegare skirennar frå Seeg i Bayern som representerte Vest-Tyskland. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1978. Irene Epple er storesystera hennar.
Epple debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1975. Ho kom fyrste gong på pallen i verdscupen i eit storslalårenn i Val-d’Isère i desember 1977, ein månad seinare vart ho nummer to i slalåm i Maribor, eit renn vunne av Hanni Wenzel. Likevel var det overraskande at ho skulle vinne gullmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, fem hundredels sekund føre sveitsiske Lise-Marie Morerod.
Epple vann sin fyrste verdscupsiger i Zwiesel 1981, i eit storslalåmrenn. I 1982-sesongen vann ho tre storslalåmtevlingar i verdscupen. Ho sikra seg sin femte verdscupsiger då i januar 1985 rende ned til siger i slalåm i Arosa. Gjennom perioden 1977-85 stod ho på pallen i 22 verdscuprenn (5-12-5), 16 i storslalåm og seks i slalåm. Ho la opp etter 1986-sesongen.
Kjelder FIS-biografi
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984