mini|Hesperiahøgsletta (Hesperia Planum) og kringliggjande terreng
Hesperium (namnsett etter Hesperiahøgsletta) er den nest tidlegaste geologiske perioden til Mars som det finst kjende fysiske spor etter.The Ages of Mars - ESA Perioden kjem etter Noachium og varte frå 3,7 til 2,9 milliardar år sidan.
Talet på nye nedslagskrater per tidseining var mykje lægre i Hesperium enn Noachium. Den vulkanske aktiviteten gjekk òg ned, men var framleis tydeleg. Fleire enorme flaumar fann stad i perioden, mellom anna kring kanten av Chryse-lågsletta og aust i Hellas-lågsletta. Kaosterreng vart òg danna.
Marsroveren Spirit landa i eit område rikt på steinar frå Hesperium.Noachian, Hesperian, and Amazonian, oh my! --Mars' Geologic Time Scale - Emily Lakdawalla
Etter Hesperium fylgjer Amazonium.
Kjelder
Kategori:Geologien til Mars