Björn Lars Johannes Erik Ferry () er ein svensk tidlegare skiskyttar frå Stensele. Han vart olympisk meister på jaktstarten under Vinter-OL 2010 i Vancouver og verdsmeister med Sverige i mixstafett ved VM i skiskyting 2007 i Antholz.

Aktiv Ferry debuterte i verdscupen i skiskyting i 2001, og kom på pallen fyrste gongen i 2005. I ein rekordjamn 10 km i italienske San Sicario vart han nummer to, 0,3 sekundar bakom vinnaren, Sergej Rozjkov frå Russland, og like langt tidssprang til trearen i tevlinga.

I 2007-sesongen tok Ferry steget opp i verdseliten i skiskyting, med to andreplassar i verdscuprenn enda han på sjuande plass i verdscupen. Høgdepunktet for sesongen var mixstafetten under VM i skiskyting i Antholz, der han gjekk tredje etappen for det svenske laget, som elles bestod av Helena Jonsson, Anna Carin Olofsson og Carl Johan Bergman, vann gullmedaljen med god margin til Frankrike og Noreg.

Vinteren 2008 kom Ferrys fyrste triumf i verdscupen då han vann ein suveren siger i jakstarten i Antholz, der han også vart nummer to i fellesstarten. Med tre pallplassar i verdscuprenn enda han som sjettemann totalt i verdscupen, hans aller beste rang. Også i 2009 vann han jaktstarten i Antholz, etter å ha vorte nummer to på 10 km.

OL-sesongen 2010 gjorde Ferry eit einaste topprenn, men det var derimot høgdepunktet i hans karriere som skiskyttar. Frå ein åttandeplass i sprinttevlinga under Vinter-OL 2010 i Whistler Mountain avanserte han heilt til topps på jaktstarten. Med 19 treff og ei strålande sisterunde tok han OL-gullet, 16 sekundar føre Christoph Sumann frå Austerrike. På tampen av same sesongen fekk han ein VM-bronse i mixstafett med Sverige i ei tevling som fann stad i Khanty-Mansijsk.

Etter meir moderate plasseringar i 2012 og særleg 2013, kom Ferry sterkt tilbake i sin siste sesong, OL-sesongen 2014. Han vann då to av tevlingane i Pokljuka og stod i alt seks gongar på pallen etter verdscuprenn. Det gav han åttandeplassen i verdscupen i skiskyting 2014. mini|left|Björn Ferry etter å ha vunne sin sjuande og siste siger i verdscupen i skiskyting, i Pokljuka i 2014 Verdscupsigrar Dato Stad Øving 19. januar 2008 Antholz Jaktstart 24. januar 2009 Antholz Jaktstart 16. februar 2010 Vancouver Jaktstart 18. desember 2010 Pokljuka Sprint 14. januar 2011 Ruhpolding Jaktstart 6. mars 2014 Pokljuka Sprint 9. mars 2014 Pokljuka Fellesstart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Björn Ferry» frå , den 9. januar 2016.

Kategori:Svenske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014