Skruegeit eller markor (Capra falconeri; pasjto marǧūmi; persisk/urdu ) er ein stor villgeitart som lever i nordaustlege Afghanistan, nordlege og sentrale Pakistan, Kashmir, sørlege Tadsjikistan og sørlege Usbekistan. Skruegeit er nasjonaldyret til Pakistan.

Arten var rekna som nær truga av IUCN fram til 2015, då han blei omkategorisert til den mindre alvorlege nær truga etter at tala på ville dyr voks.

Skildring Skruegeita har ei skulderhøgd på 65-115 cm, den største maksimumshøgda på ein art i slekta Capra. Hannar er noko større enn hoer. Lengda ligg på 132-186 cm og vekta på 32-110 kg. Sibirsteinbukkar kan bli både lengre og tyngre.

Dyra har lange spiralsnodde horn. Hannar har opptil 160 cm lange horn medan hoene har horn på opptil 25 cm.''Capra falconeri'' Markhor, An Ultimate Ungulate fact sheet. Ultimateungulate.com. Retrieved on 2011-07-10. Pelsfargen er lysebrun til svart. Berre bukken har lang man, «pelsbukser» og kraftige fargeteikningar.

Levevis Skruegeit lever i skog ved foten av fjellparti. Dyra held helst til i krattskog med artar som eik (Quercus ilex), furu (Pinus gerardiana) og einer (Juniperus macropoda). Vaksne geiter og ungane deira lever i flokkar på rundt ni dyr. Bukkar lever som regel åleine.

Paringstida er om vinteren. Då slost hannar mot kvarandre ved å stanga og vikla horna sine smaan for deretter å prøva å kasta einannan i bakken. Fostertida er 135–170 days. Geitene får vanlegvis ein eller to ungar, men kan ein sjeldan gong få tre. Tidleg på året kan hannar og hoer leva i same området, på opne grassletter og lier i skogen. Om sommaren blir hannane verande i skogen medan hoene gjerne klatrar til høgare berg.

Skruegeit er dagaktiv med mest aktivitet tidleg om morgonen og seint på ettermiddagen. Om våren og sommaren et dei mest gras, og om vinteren et dei meir lauv frå tre, tidvis ved å stå på bakbeina for å nå høge greiner. Varsellyden til geitene minner mykje om mekringa til tamgeit.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Markhor» frå , den 16. januar 2016.

Kategori:Geiteantiloper Kategori:Dyr i Afghanistan Kategori:Dyr i India Kategori:Dyr i Pakistan Kategori:Dyr i Tadsjikistan Kategori:Dyr i Usbekistan Kategori:Pakistanske nasjonalsymbol