Olav Andreasson Loen () var ein norsk bonde og forfattar frå Loen i Stryn. Han skreiv også under pseudonymet Olav Alvheim.
Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiingar om ei rad med nynorske diktarar, som kanskje ikkje høyrer til dei store, men som må vere med om biletet av nynorsk litteratur skal bli fullstendig og sant. Såleis har Olav A. Loen vore verksam på mange område. Til dette kjem at han har teke mange tak i lag, organisasjonar og bygdepolitikk. Garden har og kravt sin mann. Om Olav A. Loen kan det ordet høve, at den som har mykje å gjere, han får og mykje gjort. Reidar DjupedalReidar Djupedal «Ein stad å vere frå, Olav A. Loen og Årbok for Nordfjord» I: Årbok for Nordfjord, 1981
Han var formann i Firda Ungdomslag 1950-1955. Han tok også initiativet til Årbok for Nordfjord i 1951, og var redaktør for årboka fram til 1979. Loen har ein stor og variert litterær produksjon.nrk.no Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925 i Fylkesleksikon Sogn og FjordaneNettversjon av boka Garden og Ætta, som han gav ut i 1979. I 1970 gav han ut boka Bygda gav diktarsyn, ei samling av 25 korte forfattarbiografiar.Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Av Olav A. Loen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Av Olav Alvheim i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990 Om Olav A. Loen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Folk frå Stryn Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske romanforfattarar