Flekkstrupejuvel (Lampornis viridipallens) er ein fugl i kolibrifamilien med leveområde i Sentral-Amerika.
Skildring Dette er ein mellomstor kolibri, ca. 11 til 12 centimeter med rettpeikande svart nebb. Fjørdrakta til vaksne fuglar har ei klår grøn overside med lysare grå til kvit underside, vengene og stjerten er mørke. Som andre Lampornis-kolibriar i Mellom-Amerika, har begge kjønn ei karakteristisk kvit stripe frå auga ned mot skuldra i kontrast til eit mørkt felt på undersida av stripa. Hofuglar har kvit strupe, hannfuglar har blågrøne iriserande flekker i strupeområdet og har elles grøne flekker nedover kroppssidene.Züchner et al, 2016
mini|venstre|Utbreiingskart Flekkstrupejuvelar lever i høgder mellom 900 og 2700 moh. i fuktig skog i relativt avgrensa habitat; i vestlege Honduras og nordlege El Salvador, i sørvestlege Guatemala og litt inn i sørlege Mexico.
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 000 og 500 000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2016)
Kjelder Züchner, T. & Boesman, P. (2016) Green-throated Mountain-gem (Lampornis viridipallens) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. januar 2016 BirdLife International (2016) Species factsheet: Lampornis viridipallens . Henta frå http://www.birdlife.org den 23. januar 2016 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar endemiske for Mellom-Amerika Kategori:Kolibriar i Mexico Kategori:Kolibriar i Mellom-Amerika