Christopher William Bradshaw Isherwood () var ein britisk-amerikansk forfattar, fødd i High Lane ved Stockport i Cheshire og død i Santa Monica i California i USA.

Isherwood vann stort ry med romanen Mr. Norris Changes Trains frå 1935 og Goodbye to Berlin (Farvel til Berlin), begge med person- og miljøskildringar av Berlin under Weimar-republikken. Den siste boka var grunnlag for eit teaterstykke og filmatisert, mellom anna som musikalen Cabaret, også oppført på Oslo Nye Teater.

Isherwood budde i Berlin 1930-33. I 1939 flytta både han og W.H. Auden til USA, begge homofile, der Isherwood mellom anna arbeidde for filmindustrien. «[M]eget av Isherwoods forfatterskap [er] preget av reportasje og selvbiografi og en skarp iakttagelsesevne»Store Norske leksikon.

Notar

Kjelder Store Norske Leksikon 6:344.

Kategori:Britiske forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar