Amalie Skram vidaregåande skule er ein fylkeskommunal vidaregåande skule opna i 2014 på Nygårdstangen i sentrum av Bergen. Skulen har om lag tusen elevar og ligg i ein større bygning i Lungegårdskaien 40, som skulen deler med symjehallen AdO arena.
Namnet har skulen fått for å heidre forfattaren Amalie Skram (1846–1905), som hadde oppveksten sin i Bergen, medan symjehallen AdO arena, som er stuttforma for «Alexander Dale Oen Arena», er namngjeve som heider til verdsmeisteren i 100 meter brystsymjing, Alexander Dale Oen, som døydde i ung alder.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vidaregåande skular i Bergen Kategori:Oppkallingar etter Amalie Skram