mini|Fyrsteutgåva av Lyrical Ballads Lyrical Ballads, with a Few Other Poems er ei diktsamling av dei engelske diktarane William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge, utgjeven i 1798. Naturtilbedinga og den folkelege forma som særpregar verket, gjer at dikta representerer eit opprør mot dei ideala ein finn i klassisismen, og markerer eit definitivt gjennombrot for romantikken i engelsk litteratur. I 1797 hadde dei to diktarane kome saman og byrja arbeidet med samlinga. Coleridge og kona hans tok bustad i ein landsby i Somerset, medan Wordsworth og systra slo seg ned i Alfoxden, som ligg så nære kvarande at dei to venene kunne møtast dagleg. Lyrical Ballads inneheld 19 dikt av Wordsworth, og mellom dei er Lines Written a Few Miles above Tintern Abbey. Coleridge medverkar på si side med berre fire dikt i 1798-utgåva, men mellom desse finn ein The Rime of the Ancient Mariner (no. Soga åt den gamle sjømannenNorsk tittel etter attdikting av Johannes Gjerdåker.) som er eitt av dei mest kjende dikta hans.

I år 1800 gav Wordsworth boka ut på nytt – utvida med to band – og ustyrte henne med eit poetisk manifest i form av eit føreord som seinare har blitt omtala som «lyrikkens sjølvstendeerklæring».

Kjelder

Gjerdåker, J. (2000) «Etterord» i – Gjerdåker, J. Mjølk av paradis : engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare (s. 90-92). Oslo: Samlaget

Fotnotar

Kategori:Diktsamlingar Kategori:Engelsk litteratur Kategori:Romantikken