mini|Stokkebåt funnen i Bourg-Charente i Frankrike, datert til cirka 3500–3000 f.Kr. mini|Havgåande stokkebåtkano mini|Stokkebåt med segl i Benin. mini|Ein nylaga utspent stokkebåt Stokkebåt er ein båt laga av ein uthola trestamme, som oftast ein kanoliknande farkost. Konstruksjonsmetoden er grunnleggjande og har truleg vore kjent gjennom mange tusen år i store deler av verda. Han vert difor gjerne definert som sjølve urbåten.

Bruk Stokkebåten har eksistert og vore i bruk gjennom tusen av år og heilt fram til våre dagar. I ikkje-industrialiserte delar av verda vert det enno laga og brukt nye stokkebåtar mange stader. I Norden blei det truleg laga stokkebåtar til langt inn på 1900-talet.

Den eldste båten i verda er Pessebåten, ein stokkebåt funnen i Nederland. Han er omkring 10 000 år gammal. Også i Norden er stokkebåtane dei første farkostane ein kjenner til. I Danmark er det funne ei rekkje stokkebåtar, tre av dei omkring 6 000 år gamle. Desse var laga av lind og padleårene av ask.

Det er òg funne fleire stokkebåtar i Noreg, men berre eit fåtal av dei er blitt daterte. Den eldste båten funnen i Noreg er Sørumbåten, ein cirka 2 200 år gammal stokkebåt. Han var omkring 11 meter lang. I snitt mæler likevel norske stokkebåtar berre omkring 4,5 meter. I Noreg var stokkebåtane som regel laga av furu, men både Sørumbåten og Siljanbåten (som er den nest eldste båten som er funnen i Noreg) var gjort av eik. Nokre av dei norske funna har dessutan spor etter utriggar.

Eldre stokkebåtfunn viser spor etter å ha vorte uthola med steinøks. Det er ikkje funn som tyder på bruk av eld.

Dei fleste funn av stokkebåtar er ikkje så gamle. Nokre er frå vikingtid og mellomalderen. Fleire er frå 1600-1700 talet. Dette vert sett i samanhang med innvandring frå Finland på denne tida. I Finland var det rik tradisjon for bruk av stokkebåtar.

Mange stokkebåtar ein har funne, har vorte nedlødde med stein. Det kan tyde på at dei har vorte oppbevarte på denne måten mellom kvar gong dei har vorte brukte. Dette for å hindre sprekking.

Utspent stokkebåt

Utspent stokkebåt er ein særskild type stokkebåt, som vi veit har vorte bygd i Finland, Russland og delar av Baltikum. Tradisjonen har vore levande til det siste. Nyare funn tyder på at området kan ha vore større. Det ser ut som det helst har vorte brukt lettare treslag som osp og poppel til slike båtar. Fleire av desse stokkebåtane er så gamle at arbeidet må ha vore utført med steinreiskapar. Først vert stokken uthola med steinøks. Men holinga er mykje smalare enn på den ferdige stokkebåten. Fasongen kan samanliknast med ein ertebelg.

Den ferdig uthola stokkebåten vert utspent ved hjelp av varme. Han vert då breiare, og får ein fasong som minner om klinkerbygde nordiske båtar. På grunn av denne likskapen ver den utspente stokkebåten sett på som ein forgangar til den klinka båten. Men det er ikkje funne arkeologiske prov som støttar denne teorien

Den utspente stokkebåten har gjerne tverrtre for å halde på fasongen. Ein finn og døme på innlagde band, som er surra på liknande vis som på skalbåtar med fleire bord.

Daterte stokkebåtar

Norske stokkebåtar Sørumbåten, Sørum, Akershus cirka 170 f.Kr. Siljanbåten, Siljan, Telemark 170-310 e.Kr. Øynavatnet I, Froland, Aust-Agder 650-980 e.Kr. Øynavatnet II, Froland, Aust-Agder 650-1010 e.Kr. Grevsjøen, Oppland 690-1020 e.Kr. Topsæ, Aust-Agder 700-1030 e.Kr. Gjerstad, Aust-Agder 710-850 e.Kr. Haukasmyra, Stange, Hedmark 730-890 e.Kr. Tunhovdfjorden, Nore og Uvdal, Buskerud 780-1040 e.Kr. Lytingsvatnet, Nissedal, Telemark 890-1140 e.Kr. Haukomvatnet I, Birkenes, Aust-Agder 900-1160 e.Kr. Ulvemyrtjernet, Sande, Vestfold 1000-1100 Mjålandsvatnet I, Froland, Aust-Agder 1020-1180 Buvatn, Nes, Buskerud 1030-1180 Mjålandsvatnet II, Froland, Aust-Agder 1030-1390 Skiftastjønn, Telemark 1030-1420 Søndre Myrvatn, Rogaland 1040-1250 Stora Myrvatn, Rogaland 1130-1400 Gjersjøen, Oppegård, Akershus 1160-1290 Røyrås, Songdalen, Vest-Agder 1280-1430 Steinsvatn, Aust-Agder 1270-1400 Olandsheiene, Aust-Agder 1270-1450 Skrøvlingen, Kongsvinger, Hedmark 1280-1440 Vannen, Hemsedal, Buskerud 1280-1610 Haukomvatnet II, Aust-Agder 1300-1430 Sætertjern, Aremark, Østfold 1330-1620 Heggland, Tvedestrand, Aust-Agder 1410-1660 Lille Ulevann, Rødene sine, Østfold 1440-1640 Haukomvatnet III, Aust-Agder 1440-1670 Igletjern, Aremark, Østfold 1440-1950 Kilen, Aremark, Østfold 1450-1950 Sandungen, Hurum, Buskerud 1490-1950 Rakkestad, Østfold 1490-1950 Kroktjern, Aremark, Østfold 1640-1950 Saurdalsvatnet, Froland, Aust-Agder 1640-1950

Danske stokkebåtar Tybrind Vig I ca. 4000 f.Kr. Tybrind Vig II ca. 4000 f.Kr. Tybrind Vig III ca. 4000 f.Kr. Fyns Hoved, nordaustlege Fyn 3500 f.Kr. Slusegård I, Bornholm ca. 200 e.Kr. Slusegård II, Bornholm ca. 200 e.Kr. Bjedstrup-båten, Midt-Jylland 200-300 e.Kr. Mossø, Jylland 440-520 e.Kr. Aggersund-båten, Limfjorden ca. 1300 e.Kr. Knobskipet i Birksø 1601-1621 e.Kr.

Svenske stokkebåtar Tappnäs i Södermanland ca. 1500-500 f.Kr. Frösundabåten i indre Sverige, ca. 1300 f.Kr. Fiskebybåten utanfor Hudiksvall 800-500 f.Kr. Låssbybåten på Hisingen ved Gøteborg 500 f.Kr. Björkebåten 500-talet e.Kr. Skinnskatteberg, indre Sverige 700-800 e.Kr. Stockbåten ur djupet utanfor Öland 1000-1250 c

Britiske stokkebåtar St. Albans stokkebåt, St Albans, Herts, England ca. 4000 f.Kr. Turriff-båten, Skottland 1770-1670 f.Kr. Chetwynd-båten, River Meese, Shropshire i England ca. 1275 f.Kr. Shardlowbåten, Derbyshire, England 1300-1200 f.Kr. Briggbåten (øydelagt i 1942 under flyangrep, var 14,8 m langt) 1000 f.Kr. Lough Lene-båten år 1 f.Kr.til 1 e.Kr.

Andre europeiske stokkebåtar Pessebåten, Nederland 8040-7510 f.Kr. Dümmerlohhausen, Tyskland Hardinxveld-Giessendambåten, Nederland 5000 f.Kr. Sozopol, Bulgaria 4000 f.Kr. Lac dei Chalairn-båten, Jura, Frankrike ca. 3000 f.Kr. Bercy, Frankrike Nogen-sur-Seine, Frankrike Twann, Sveits Erlach, Sveits (nyleg funn) 1553 f.Kr. Lecker Òg-båten i Lecker Creek, Schleswig-Holstein, Tyskland 116-204 e.Kr. Federsee i Württemberg, Tyskland Robenhausen, Sveits Cudrefin, Sveits

Båttypar som oppstod frå stokkebåten Kano Utriggar Katamaran Hjortspringbåten Klinkbygde båtar Pram

Kjelder

Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4 Denne artikkelen bygger på «Stokkebåt» frå , den 4. mars 2016. oppgav desse kjeldene: Torstein Arisholm og Pål Nymoen: Stokkebåter- Nytt om Sørumbåten og andre sørnorske stokkebåtfunn 2005. ISBN 82-90089-67-8

Bakgrunnsstoff

Stockbåtar frå Sverige Daterte stokkebåter i Norge (sept. 2007)

Kategori:Arkeologi Kategori:Båttypar Kategori:Klinkbygging Kategori:Utvalde artiklar 2024