Laura Dahlmeier () var ein tysk skiskyttar frå Garmisch-Partenkirchen som vann både gull, sølv og bronse i VM 2015 og 2016, i tillegg til seks renn i verdscupen i skiskyting.
Aktiv Dahlmeier debuterte i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn då ho sigra i 7,5 km i Nové Město na Moravě 7. februar 2015 og har pr 1. mars 2016 vunne i alt seks tevlingar i verdscupen, tre av dei i jaktstart.
Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti kom ho på fjerdeplassen i sprinten og tok sølvmedaljen i den etterfylgjande jaktstarten. Sidan vart ho nummer seks i 15 km og gjekk så Tysklad inn til gullmedalje i 4 x 6 km stafett. Året etter tok ho bronsemedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo.
Ho la opp i mai 2019.
Fjellklatring Etter at ho la opp som skiskyttar byrja ho med fjellklatring og var ein del av fjellreddingsgruppa i Garmisch-Partenkirchen. Den 28. juli 2025 var ho og klatrepartnaren på tur opp Laila Peak i Karakorum i Pakistan då dei ble ramma av eit steinskred. Partnaren blei redda ut, men Dahlmeier låg slik til at redningshelikopteret ikkje klarte å nå henne. Ved overflyging blei det konstartert at ho var hardt skadd, og det var ikkje teikn på liv. Ho blei antatt omkomen umiddelbart, og 30. juli blei dødsfallet stadfesta. Etter hennar ønsket blei ikkje liket henta ut frå fjellet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laura Dahlmeier» frå , den 6. mars 2016.
Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018