Ane Dahl Torp () er ein norsk skodespelar frå Bærum. Ho har jobba både ved Teatret vårt i Molde og Det Norske Teatret, men har sidan blitt meir kjent som filmskodespelar. Vinteren 2006 var ho aktuell i den kvinnelege hovudrolla i Gymnaslærer Pedersen, ein film basert på ein roman av Dag Solstad.
Ho er dotter til språkvitaren og lingvistikkprofessoren Arne Torp.
Utmerkingar
I 2004 vann ho Amandaprisen (beste kvinnelege hovudrolle for rolla si i TV-serien Svarte penger, hvite løgner) og Ho fekk Folkets filmpris i 2004. I 2006 vann ho igjen Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i Gymnaslærer Pedersen. I 2006 vart ho utvald som norsk «Shooting Star» for presentasjon under filmfestivalen i Berlin. I 2008 vann ho Amandaprisen for beste kvinnelege birolle i Lønsj. Lesarane i bladet Mann røysta henne fram til tittelen «Noregs mest sexy kvinne» i 2004. Same året kåra Elle henne til «Årets kvinne». I 2012 vann Ane Dahl Torp Hedda-prisen for beste kvinnelege hovudrolle for Shen Te i «Det gode menneske fra Sezuan» av Bertolt Brecht.
Store roller
Filmar Lønsj (2008) Uro (2006) Gymnaslærer Pedersen (2006) Ikke naken (2004) Kvinnen i mitt liv (2003)
TV-seriar Svarte penger, hvite løgner (2004) Kodenavn: Hunter (2006 og 2008)
Bakgrunnsstoff IMDb om Ane Dahl Torp Snurrfilm.no om Ane Dahl Torp Norsk filminstitutt
Torp, Ane Dahl Kategori:Folk frå Bærum Torp, Ane Dahl Kategori:Vinnarar av Heddaprisen