Uyun AlJiwa (offisielt: Uyun AlJiwa guvernement, Al Uyun, Al Jiwa og Oyounaljewa, arabisk skrift محافظة عيون الجواء) er eit guvernement i Saudi-Arabia som ligg nordvest i Al-Qassim-regionen mindre enn 30 km nordvest for Buraydah, provinshovudstaden. Namnet tyder Tjerna i dalen, og kjem frå fleire vatn som brukte å ligge i området. Regionen er mest kjend for dei historiske busetjingane i området og dei historiske stadane frå antikken. Folket i Al Jiwa skil seg frå andre folk i Al-Qassim-regionen med ein særeigen dialekt.

Historie Mange historiske og førhistoriske samfunn har budd i Al Jiwa-området. Eit døme er Banu Abs som den kjende riddaren, eventyraren og diktaren Antarah Bin Shaddad. Al Jiwa har òg mange thamudiske helleristingar.

Geografi Al Jiwa' (utan «Uyun») syner til dalen der guvernementet ligg. Uyun AlJiwa syner både til guvernement og hovudbyen. Utanom hovudbyen ligg det åtte byar som: Ghaf Al Jiwa Rawdh Al Jiwa Authal Al Slubiya

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Uyun AlJiwa Governorate» frå , den 14. mars 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:guvernement i Saudi-Arabia